Av FRODE REKVE

Dei siste 2 mareritt-sesongane var historie. 3.august braka da laus igjen, og me var på plass med forsiktig optimisme. For sjelden har me vel gått innimot ein sesongstart med større usikkerhet knytta til laget vårt.
Fotball"ekspertane", journalistar og supportera var delte i meiningane. Nokon hadde oss som soleklar favoritt, andre meinte me kom til å møta samme skjebne som Wolves.

Joey Barton
Sheffield Wednesday sto på andre banehalvdel den nevnte ettermiddagen første helga i august. Den største overaskelsen før kampstart var at Joey Barton plutselig var tilbake. Mannen som har ein veldokumentert frynsete QPR-historie, starta med å komma 3 dager for seint til pre-season, fekk ikkje vera med på treningsleirane til verken Devon eller dei østerrikske alper.
Mannen som hadde brukt heile sommaren til å få Tony Fernandes til å kjøpa han ut av klubben, så han kunne flytta over fjorden til Marseille. Plutselig sto han der, til sjokk, vantro, hat og stor glede (i ein herlig mix) blant supporterane rundt pubane i Shepherds Bush.

Applaus
Hyllesten han fekk i da lagene kom på banen, hadde han ikkje gjort seg fortjent til. Den ståande applausen då han gjekk av banen 10 minutt før slutt derimot, var veldig på sin plass. For Barton var god.

God var og Faurlin, som litt overaskande for mange starta på midten. Vår bestemann var Hoilett som terroriserte Wednesday forsvaret, med god hjelp frå ein meget bevegelig Andy Johnson på topp. Kampen endte som kjent 2-1 i vår favør, ein kamp som me skapte nok til å kalla seieren fortjent, men me hadde og marginane med oss i fleire situasjoner.
Ein herlig og viktig start på sesongen.

Sterke borteseire
Etter ein transportetappe mot Exeter i cupen, fekk me med oss 1 poeng i Yorkshire mot Huddersfield.
Overtidsmål av unge Hitchcock avgjorde så mot Ipswich. Så har me avslutta med 2 knallsterke borteseiera mot henholdsvis Bolton og Leeds.

Innimellom desse 2 kampane gjekk me, i god gammel QPR-ånd, på ein smell mot eit lag frå lågare divisjonar i cupen. Prestasjonen mot Swindon viste oss at me ikkje har ein stor og bred nok tropp, noko Harry igjen proklamerte etter Leeds-kampen.

Heldige marginer
Han såg for seg 3-4 nye fjes på deadline-day for å få stallen komplett og klar for ein lang og krevande sesong.
Mange fellestrekk i samtlige 5 kampar. QPR har framstått solide, men uspektakulære. 1-målseiera over heile linja, lite mål både for og imot. Me har hatt marginane med oss i alle kampane, kun Ipswich var aldri nokon trussel. Vinnerskaller og flytsonen, uvurderelig kombinasjon.

Korleis skal ein då evaluera august måned?
Først og fremst gjorde Harry Redknapp ein genistrek med å henta inn ein meget dyktig coach i Steve McClaren. Eit usedvanlig knallhardt fysisk pre-season program, vil me få betalt for utover høsten og vinteren.

Styret har gjort ein formidabel jobb med å kvitta seg med heile 18 mann, samtidig som Harry har handla meget klokt på overgangsmarkedet. Harry har snakka mykje om å ha "the right sort" i spelargruppa. Noko han har klart til gangs.
Kvar lørdag har me no sett ein gjeng mannfolk som jobber for kvarandre og som eit lag. Mot Leeds stillte me med 11 briter, neppe tilfeldig.

Spelestil
Først og fremst har me framstått bunnsolid bakover. Green har vært nesten prikkfri. Forsvaret har, med unntak av eit par kamper med Traore/Yun på venstreback, virka meget komfortable. Nedum Onuoha har allerede vist at han vil vera med å kjempa om tittelen Player of the Year.  
Offensivt har me til tider vore veldig upresise og fantasiløse. Hoilett har bidratt med da som har vært av kreativitet, og var merkbart savna når han var ute med ein strekkskade. AJ har vært meget oppløftande og frisk på topp.

Spelestilen har passa oss utmerka på bortebane, utfordringen ligg i når me skal styra kampane heima på Loftus Road. Når da er sagt, så vil me nok få sjå eit meir attraktivt QPR-lag utover høsten.

Dunne og O'Neil kom seint i gang med pre-season, Henry trente med juniorane i Wolves, Barton hadde som tidligare nevnt ikkje samme treningsopplegg som resten av stallen, Austin gjekk småskada i Burnley. Med da i tankane, har me hatt ein ekstra god poengfangst i august, for dei nevnte spelarane vil berre bli bedre og bedre. Da vil også samhandlingsmønsteret bli bedre.

Utfordrere
Eg ser på Nottingham Forest og Watford som våre største opprykksrivaler. Forest hadde ein meget god avslutning på fjorårssesongen. Har forsterka stallen, bla. med vår gamle helt Jamie Mackie, og har starta bra.
Trudde Watford kom til å slita etter nedturen i play-off. Men klubben har signert mange av lånesoldatane sine permanent, og speler meget attraktiv fotball.

Wigan har signert veldig mange, og da vil ta tid å spela sammen laget, i tillegg skal dei spela Europacup. Trur alikavel dei vil vera med der oppe utover sesongen. The Championship er uforutsigbar, så mange lag som 15 kan melda seg på i opprykkskampen.

Med dei ressursane me har tilgjengelig, er alt anna enn ein topp 6 plassering totalt uakseptabelt.

Deadline day og formasjonsskifte?
Ein dramatisk deadline day vart avslutta med at QPR signerte Essou-Ekotto, Carroll og Kranjcar. Kanskje vel så viktig, me beholdt Barton, Hoilett og ikkje minst AJ.  

Andy Johnson-situasjonen var meget spesiell. Palace kom med eit seint bud. QPR gav AJ tillatelse til å prata med dei. Palace og AJ skal ha blitt einige, men QPR takka nei til Palace’s tilbud i siste sekund.
Her kan me spekulera til me blir grønne. Harry har sagt i heile sommar at me treng 4 spissa. Nå står me med 3 og kunne fort ha stått med 2. Prøvde me å signera ein spiss i siste sekund, fekk nei og måtte beholda Johnson?

Uansett merkelig med tanke på at AJ har vært så god som han har vært.
Eller kan detta vera eit signal om at Harry vil gå over til ein 4-2-3-1 formasjon og ikkje lenger har bruk for Johnson? Me har tross alt signert Nico Kranjcar. Ein meget god offensiv midtbanespelar, ein playmaker som liker seg best i 10’er rolla, men kan og spela på kant.

Supertalentet Tom Carroll, den nye Luka Modric, er ein kreativ og fin type som blir veldig spennande å sjå i QPR-drakt.

Venstreback
Benoît Assou-Ekotto er venstrebacken me har leita lenge etter. Traore har vært uønska lenge, og kan forsvinna til Russland, der overgangsvinduet stenger 6.september.
Harry stoler ikkje tilstrekkelig på Yun, og har med hell brukt Clint Hill på backplass. Kanskje med unntak av Cresswell i Ipswich, så har me fått Championship’s beste venstreback i BAE. 3 meget fine tilveksta til stallen.

Ein anna grunn til at eg hinter til eit formasjonsskifte, er nå balansen i troppen. Med kun 3 reine spisser, og så mange som 7 sentrale midtbanespelara til vår disposisjon, er da ein lett konklusjon å trekka.

Talentfulle Phillips
Til slutt så må Matt Phillips nevnast, forhåpentligvis får me sjå han i aksjon mot Birmingham. Undertegna har gått så langt som å kalla han klubbens beste signering sidan Trevor Sinclair. Eit talent med enormt utviklingspotensiale, som me forhåpentligvis kjem til å få mykje glede av i åra som kjem.

Eg kunne ha babla mykje om Warren Farm, om potensiell ny stadion i Old Oak Commons, om Julio Cesar, The White Horse og Tony Fernandes.  Men min tilmålte tid er oppbrukt for lengst, og eg må oppsummera med at me går ein meget spennande QPR-høst i vente.

Onwards and Upwards!